Location

For å tinga, ring: +47 56 51 13 40

Maxi Taxi +47 93 24 98 44

service

Voss Taxi

Voss Taxi SA hadde fram til 2013 namnet Voss Drosjebilsentral. Me er hovudleverandørar på køyring av pasientreiser/trygdekøyring og skuletransport i Voss kommune. Me leverer tenester til ulike aktørar og kundar, som f.eks Kommune, Fylkeskommune, NSB, Helse Bergen, diverse legar/behandlarar/institusjonar. Både i nærmiljøet og i fylket. På dagtid går store delar av kapasiteten med til skulekøyring og trygdekøyring.

Litt informasjon

title-separator

Det er totalt 18 løyver som tilhøyrer Voss Taxi.

Slik ser bilparken ut med antall seter i kvar bil pr i dag.

  • 2 bilar som tek 16 personar (Maxi Taxi). Desse kan og ta med rullestolbrukarar, men då med eit mindre antall passasjerar enn 16.
  • 2 bilar som tek 8 personar. Den eine av desse kan og ta med rullestolbrukarar.
  • 2 bilar som tek 7 personar
  • Dei 12 andre bilene kan ta 4 - 6 personar. Alle er stasjonsvogner. Alle bilane untanom maxitaxiane er 4wd.

.

Diverse informasjon

I og med at me har mykje å gjera mellom kl 13 og 15 på dagtid, kan det vera lurt å tinga bil utanom desse tidene, då det kan vera ventetid mellom desse klokkesletta. Telefonen er bemanna døgnet rundt, heile året. Ved behov for større bil enn ein vanlig som tar 4 passasjerar, sjå meir info på "Kontakt" sida. Voss Taxi består av 18 bilar med 16 drosjeeigarar samt 2 ekstraløyver/minibussar. Me held til midt i hjarta av Voss Sentrum. Du vil kanskje kjenna igjen den raude og kvite taxibua vår i frå fleire innslag i fjernsynet, deriblant Norge Rundt og Sommeråpent. Den er ikkje lenger i bruk ettersom at me kom inn i nye og større lokaler rett over gata. Bilparken vår står der som den alltid har gjort (ved den raude bua).