Location

For å tinga, ring: +47 56 51 13 40

Maxi Taxi +47 93 24 98 44

Trygt heim - for 37 Kr

Trygt heim er ei ordning retta mot ungdom - ei gruppe som er spesielt utsett for trafikkulykker, og særlig helgeulykker i samband med bruk av bil.
Trygt heim er eit nattbusstilbod i distriktet for deg mellom 16 og 24 år. På bussen er det plassgaranti for deg i denne aldersgruppa. Andre reisande kan nytte tilbodet dersom det er ledig plass.
Trygt heim-rutene blir køyrde av Voss Taxi som nyttar vanlege taxiar og maxi-taxiar. Ordinære bussprisar gjeld på alle transportmiddel, for deg med nedsett funksjon kan bli henta og brakt inntil 3 km frå rutetraseane. Trygt heim på Voss er tilrettelagt for rullestolbrukarar.

Målsettinga med ordninga

title-separator
  • 1. Trafikktryggleik – få ungdom heim på kveld og nattetid i helgene på ein trygg og god måte.
  • 2. Gi ungdom i distrikta eit transporttilbod lik det ungdom i byane har.
  • 3. Gi ungdom gode vaner for bruk av kollektivtransport.

Slik fungerer ordninga

Trygt heim er ei ordning som blir utført med drosje, men som blir køyrd som ei bussrute. Sjølv om turane blir køyrd etter ein fast trasé, har ordninga likevel ein viss fleksibilitet. Drosja kan køyre avstikkarar frå den oppsette ruta på inntil 3 kilometer, utan at passasjeren treng å betale noko ekstra.

Prisar:

Ungdom med 30 dagers ungdomsbillett: Gratis

Ungdom/Vaksne f.o.m fylte 16 år: 37,-

NB! Tilbodet gjeld kun fredagar

Rutetilbod med drosje eller Maxi Taxi kl 02:45 til Ulvik, Stalheim og Bolstadøyri.
Ruta går i frå fengselstomta bak Voss Sparebank. Vær presis

Ris, ros eller tips til betring?

Send gjerne ris, ros eller tips til betring av Trygt heim tilbodether.