Voss Taxi

Voss Taxi SA hadde fram til 2013 namnet Voss Drosjebilsentral. Me er hovudleverandørar på køyring av pasientreiser og skuletransport i Voss Herad.


Me leverer og tenester til ulike aktørar og kundar, som f.eks Kommune, Fylkeskommune, Vy, diverse legar/behandlarar-institusjonar. Både i nærmiljøet og i fylket.



LITT INFORMASJON


Det er totalt 22 løyver som tilhøyrer Voss Taxi.


Slik ser bilparken ut med antall seter i kvar bil pr i dag.


  • 2 bilar som tek 16 personar (Maxi Taxi). Desse kan og ta med rullestolbrukarar, men då med eit mindre antall passasjerar enn 16.
  • 4 bilar som tek 8 personar. To av desse kan og ta med rullestolbrukarar.
  • 2 bilar som tek 7 personar.
  • Dei andre bilene kan ta opptil 4 personar. Alle er stasjonsvogner. Alle bilane untenom maxitaxiane er 4wd.
  • 10 av våre bilar har fått dispensasjon frå fylkeskommunen sine miljøkrav, medan dei resterande bilane er heilelktriske.

Telefonen er bemanna døgnet rundt, heile året. Ved behov for større bil enn ein vanlig som tar 4 passasjerar, sjå meir info på "Kontakt" sida.


Me held til midt i hjarta av Voss Sentrum. Du vil kanskje kjenna igjen den raude og kvite taxibua vår i frå fleire innslag i fjernsynet, deriblant Norge Rundt og Sommeråpent.


Den er ikkje lenger i bruk ettersom at me kom inn i nye og større lokaler rett over gata. Bilparken vår står der som den alltid har gjort (ved den raude bua).


I våre nye lokaler har me og eit stort og oppvarma venterom med stolar og sofa der ein kan slappa av mens ein ventar.


Venterommet er ope 07-20 kvar dag.